ALEINEMOR

Les mer

Svolten aukar i Brasil. Saman kan me hjelpe dei sårbare barna!

Christina har vore eit kjent ansikt for oss i São Paulo sidan starten av Kolibri. I dag er ho 37 år, og alle 7 barna henna deltar på våre kolibrisenter i São Paulo.

Dette er Christina sin historie. Eg håper du vil høyre.

Som aleinemor slit Christina med å få endane til å møtes. Det er ho ikkje aleine om. Christina er ikkje vant til å få hjelp av samfunnet rundt seg.

«Pandemien har vore hard mot oss. Eg har gått periodar utan arbeid. Då har eg ikkje kunne satt mat på bordet.» fortel ei alvorstynga Christina. Det vesle spartanske huset ho har invitert oss inn i minner meir om eit skur enn eit hus. Det kjem stram lukt frå den opne kloakken som renn bak huset.

”Eg er født i dette huset her eg bur saman med mine sju barn."
”Eg er født i dette huset her eg bur saman med mine sju barn."

"Eg arva det av mor mi som er død no.” Christina inviterer oss inn, og det manglar ikkje på hjartevarme hjå den omsorgsfulle mora. Me møter ho ein solfylt mars-dag for å høyre korleis ho har det i denne vanskelege tida.

Christina vil gjerne fortelle deg kva din støtte betyr for ho.

Christina er aleine med ansvar for barna. Det er også over 70 prosent av mødrene som er tilknytt Kolibri i Brasil. Det er stritt, men ho takkar Kolibri. Ho seier Kolibri alltid har vore ein trygg plass som har endra livet henna og fått ho til å tru på seg sjølv.

Kolibri har skapt framtidshåp for ein heil generasjon i området rundt Kolibrisentra i Diadema.

Situasjonen i Brasil er vond og Christina er langt frå aleine som mor utan inntekt under pandemien.

Du kan hjelpe Christina.

«Barna mine er drivkrafta i livet mitt» seier ein smilande Christina med Jona (11 år), Andersson (9 år), mens dei to yngste: Paulo (6 år) og Maria (2 år) klenger på mora. Bilete er tatt då barna mottok julegåver frå Kolibri.
«Barna mine er drivkrafta i livet mitt» seier ein smilande Christina med Jona (11 år), Andersson (9 år), mens dei to yngste: Paulo (6 år) og Maria (2 år) klenger på mora. Bilete er tatt då barna mottok julegåver frå Kolibri.

Ho arbeider nokre timer i veka som reingjeringsassistent på den lokale skulen. Men no under pandemien er skulen stengt, og Christina står utan arbeid.

«No vil eg kjøpe internett så barna kan få følge online undervisning og jobbe med oppgåver frå læraren. Eg vil så gjerne at dei skal få eit betre liv enn meg.»

Dei eldste søskena i flokken har nekta faren å komme heim igjen til familien. Christina fortel at far til dei sju barna nyleg kom ut av fengsel. Faren er narkoman. Det er umogleg å leve saman med han.

Barna og Christina viser stor omsorg for kvarandre, og det er tydelig at dei kjemper saman, for å komme seg gjennom pandemien.

Eldstesonen Roger har fullført vidare-gåande, og deltatt i Kolibri sidan han var berre 8 år gammal. No er han 18 og jobbar på gjenvinningssenteret i søppelfyllinga på dagtid. Broren Anek (15) jobbar der på natta no når skulen er stengt. Han begynte i Kolibri da han var ni år. Jona (11) og Isa (14) drømmer om å bli lærarar. Søstrene er gode venner og leiker ofte saman.

Under koronapandemien har Kolibri måtte stenge sine tre sentre og konsentrert seg om nødhjelp. Delt ut matkasser, tilbydd online undervisning og psykososial hjelp til barn og vaksne i slummen.

Christina sine barn har delteke på Kolibri-sentera i São Paulo. Før korona var sentra i full drift med fleire hundre barn innom aktivitetane kvar dag. Det var alt frå fotball, matlaging og maling, til ballett, perkusjon og livsmestring. Med pandemien er aktivitetane satt på pause. Christina og barna har mottatt matkassar frå Kolibri. Utan denne hjelpen veit ikkje Christina kva ho skulle gjort.

Situasjonen har forverra seg med muterte virus i Brasil. No aukar svolten. Du kan hjelpe barna og familiane. Dei treng din hjelp no!

Matkasseaksjonen inneheld:

• Matkasseutdeling til trengande familiar

• Psyko-sosial hjelp til barn og vaksne i karantene

• Online undervisningstilbod til barna som er isolerte

Du kan hjelpe Christina og andre familiar gjennom den vanskelege tida!

PS. Din hjelp betyr mykje. Du kan støtte Kolibri sin Matkasseaksjon for barna og familiane i slummen.

Jeg vil støtte Kolibri sitt arbeid
Gi et engangsbeløpGi månedlig

Historien om barna